Kvintett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Poprock-kvintetten Dave Clark Five.

Kvintett er eit musikalsk ensemble på fem utøvarar (frå kvint, latin for 'fem') eller ein komposisjon for fem sangstemmer eller fem instrument.[1]

Innan vestleg klassisk musikktradisjon kan ei slik musikkgruppe til dømes vera ein blåsekvintett (fløyte, obo, klarinett, fagott og valthorn), messingkvintett (to trompetar, valthorn, trombone og tuba) eller ein songarkvintett. Ein strykekvintett kan bestå av to fiolinar, to bratsjar og ein cello, ev. to fiolinar, ein bratsj og to celloar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «kvintett – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017.