Kvitsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Kvitsjøen
To satellittbilete av Kvitsjøen

Kvitsjøen eller Kvithavet (russisk Белое море, Beloje More; finsk Vienanmeri) er ei bukt i Barentshavet på nordvestkysten av Russland. Ho er omgjeve av Karelia i vest, Kolahalvøya i nord og Kaninhalvøya i nordaust.

Hamnebyen Arkhangelsk ligg ved Kvitsjøen. Gjennom store delar av russisk historie har dette vore det største senteret for internasjonal sjøhandel i Russland, utført av dei såkalla pomorane frå Kholmogory. I moderne tider har området vore ein viktig sovjetisk marine- og ubåtbase. Kvitsjø-Austersjø-kanalen går frå Kvitsjøen til Austersjøen.

Heile Kvitsjøen er under russisk kontroll og vert rekna som russisk indre farvatn.

Det er fire store bukter i Kvitsjøen. Frå vest til aust er desse Kandalakshabukta, Onegabukta, Dvinabukta og Mezenbukta.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Det er særs mange øyar i Kvitsjøen, men dei fleste av dei er små. Den største øygruppa i Kvitsjøen er Solovetskijøyane, som ligg nesten midt i området. Kijøya i Onegabukta er historisk viktig på grunn av klosteret som står her. Velikijøya, som ligg nær kysten, er den største øya i Kandalakshabukta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kvitsjøen

Koordinatar: 65°39′17″N 36°51′15″E