Kyrkjemøtet i Kalkedon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kyrkjemøtet i Kalkedon var eit økumenisk konsil som blei halde frå 8. oktober til 1. november 451 i Kalkedon i Bitynia, aust for Bosporossundet i Vesle-Asia. Det var det fjerde av dei sju universelt anerkjende økumeniske konsila, og blir dermed rekna som ufeilbarleg i sine dogmatiske definisjonar av den katolske og Den austlege ortodokse kyrkja. Kyrkjemøtet er det siste som blir rekna økumenisk av dei fleste protestantar og mange anglikanarar.

Møtet blei kalla saman av keisar Markian, og hadde 500 biskopar til stades. Spørsmåla dei tok for seg var ei fortsetjing av konflikten som hadde ført til Kyrkjemøtet i Efesos i 431.

Hovudtemaet var den eutykianske monofysittismen. Diskusjonane munna ut i den kalkedonske truvedkjenninga, som presiserer den guddommelege og menneskelege naturen til Jesus i større detalj enn den nikenske truvedkjenninga. Dei fremste talsmennene for monofysittisme blei fordømt (anathemisert) av konsilet.

Kyrkjemøtet i Kalkedon markerer eit vegskille i den ortodokse tradisjonen. Dei orientalske ortodokse kyrkjene aksepterer ikkje konsilet som autoritativt, då dei anerkjende monofysittismen. Den austlege ortodokse kyrkja, som då var del av same kyrkje som den katolske, fordømer monofysittismen som kjettersk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]