Kyrkjetenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Røe, kyrketenar i Vingelen, i 1932.

Kyrkjetenar er ein person som er tilsett i ein kyrkjelyd og har hovudansvaret for kyrkjebygningen.[1] Ein kan også jobba frivillig som kyrkjetenar.[2]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Den norske kyrkja blir kyrkjetenarar tilsette av Kyrkjeleg fellesråd i den gjeldande kommunen tilset, og dei får løn ved kommunale tilskot.

Kyrkjetenarar har ein slags vaktmeisterfunksjon der dei kan ta seg av reinhold, rydding, reparasjon og førebuingar til gudstenester, som å varma opp kyrkja, henga opp salmenummer og ordna altarbordet. Kyrkjetenaren er til stades ved dei vanlege gudstenestene og ved vigsel og gravferd. Etter gudstenester har dei avnsar opprydding. Dei kan også ha ansvar for å ringa med kyrkjeklokkene. Nokre kyrkjetenarar har berre ansvar for innsida av bygget, andre kan også ha ansvar for kyrkjegarden.[3][4]

Dei kan også halda omvisingar i kyrkja for vitjande.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Ein treng ikkje utdanning for å bli kyrkjetenar, men det kan likevel vera ein fordel å ha ei fagutdanning. Nokre kyrkjetenarar har vore på ein vaktmeisterskule eller Kirketjenerskolen. Sistnemnde er driven av Kirkelig arbeidsgiver- og interesseorganisasjon, og er eit tilbod organisert som fjernundervisning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kirketjener», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 8. desember 2022 
  2. «Bjørn gjør kirken klar», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 8. desember 2022 
  3. «Kirketjener», Utdanning.no (på norsk bokmål), henta 8. desember 2022 
  4. «Kirketjeneren: - Jeg har ingen agenda», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 8. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]