Lønnesirup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei flaske lønnesirup frå Quebec.

Lønnesirup er ein søt sirup som blir framstilt ved å koke inn sevje frå lønnetreet. Produktet blir særleg laga i Canada og det nordaustlege USA, og brukt i nordamerikansk matlaging, men lønnesirup er også kjend frå Noreg.

Det mest vanlege er sevje frå nordamerikansk sukkerlønn (Acer saccharum) eller svartlønn (Acer nigrum) på grunn av det høge sukkerinnhaldet på rundt to prosent. Også raudlønn (Acer rubrum) og sølvlønn (Acer saccharinum) vert nytta. I Noreg har vi rapportar om at sevje frå den vanlege norske spisslønna (Acer platanoides) har vorte nytta på liknande vis i eldre tider. Mellom anna i Telemark er lønnesevje brukt naturell og i innkokt form.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Sevjetapping i bøtte på tradisjonelt vis.
Foto: «Oven Fresh»
Sevjetapping med seriekopla slangar, ein moderne metode som raskt fekk fotfeste hjå kommersielle produsentar under energikrisa på 70-talet.
Foto: «Oven Fresh»

Sevjetappinga må starte tidleg på våren, medan snøen ligg på bakken og treet er utan lauv. Då startar treet å hente opp sukkeret som er lagra i røtene på hausten, for å bruke det til å produsere nytt lauv. Det største utbyttet får ein når det framleis er nattefrost, men med plussgrader om dagen, på grunn av det trykkfallet dette skaper i trestammen om natta. Når det nærmar seg lauvsprett seinare i sesongen, aukar innhaldet av bitterstoff i sevja. Tradisjonell tapping skjer ved å bore eit 2,5–4 cm djupt hol i trestammen, slå i eit røyr eller ein renneforma plugg, og samle sevja i bøtter. Sidan dette er temmeleg arbeidskrevjande ved storproduksjon, vart det raskt vanleg å bruke store nettverk av seriekopla slangar, då denne metoden vart introdusert rundt 1970. Slik kan enkelt bonde klare å handsame 5000 tre i staden for berre ein tidel med den tradisjonelle «plugg og bøtte»-metoden.

Sevjetapping har få eller ingen skadelege effektar på treet. Dersom eit tre leverer rundt to liter sevje i døgnet i den korte sesongen, utgjer dette likevel berre nokre få promille av den totale sevja i treet. Utover sommaren vil tappeholet gro att og etter nokre år vil det berre vise att som ein liten mørk prikk i veden. Vidare er det vanleg å vente med tapping til trestammen har fått ein diameter på minst 25 cm i brysthøgde, som tilsvarar ein alder på om lag 40 år. Med ein diameter på over 45 cm kan treet få eit tappehol til.

Frå sukkerlønna, som gir den mest sukkerhaldige sevja, reknar ein noko lauseleg at 40 liter sevje gir ein liter ferdig innkokt sirup. Med ei sirupsvekt kan dette gjerast meir nøyaktig, og sirupen skal då ha ei eigenvekt på 1,33 kg/l som tilsvarar ein sukkergehalt på om lag 66%. Dersom konsentrasjonen er lågare vert sirupen for tyntflytande, medan ein ved høgre konsentrasjonar risikerer at sukkeret krystalliserer seg.

Lønnesirupproduksjon er særleg utbreidd i Quebec, Ontario og New Brunswick i Canada og i New England og nordlege delar av staten New York i USA. Canada produserer i dag 80 prosent av all lønnesirup i verda, der Quebec er den desidert største regionen med 75 prosent av verdsproduksjonen (24,66 millionar liter i 2005).

Bruk[endre | endre wikiteksten]

[[fil:Maple toffee.JPG|mini|Lønne I nordamerikansk matlaging vert lønnesirup brukt på til dømes pannekaker og vaflar, men òg som eit alternativ til sukker i dessertar, sukkertøy, pålegg, med meir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lønnesirup