Spisslønn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spisslønn


Status i Noreg: LC Livskraftig

Spisslønn
Spisslønn

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Lønnefamilien Aceraceae
Slekt: Acer

Linné

Art: A. platanoides
Vitskapleg namn
Acer platanoides
Spisslønn
Namn på andre språk
Svensk Lönn, skogslönn
Dansk Spids-Løn
Engelsk Norway Maple
Tysk Spitzahorn
Fransk Érable plane, plane
Spansk Arce real, Arce de Noruega
Russisk Kljon ostrolistnyj (Клён остролистный)

Spisslønn (Acer platanoides) er ein art i lønnslekta med naturleg utbreeiing i Europa aust til Kaukasus. I Noreg veks han naturleg på Austlandet nord til Alvdal og Fåberg, på Sørlandet vest til Kvinesdal. I Voss og Luster er det usikkert om han veks naturleg eller naturalisert. Lønnen er mykje brukt som park- og hagetre. Som kulturplante veks han nord til Troms.

Spisslønnen veks i tørr skog og på rasmark.

Spisslønnen blomstrar på bar kvist med blomstrar i opprette halvskjermar. Spisslønnen har høg, kuppelforma krone, i Noreg vert treet opp til 20 m høgt. Kvister og blad er snaue. Blada har fem lappar spisse tenner, flikane mellom lappane er buttare enn hos platanlønnen.

Spisslønn har karateristiske frø med to vengar som lett spreier seg med vinden. Vinkelen mellom frøvengane er butt.

Veden til spisslønn minner mykje om veden til bjørk og er verdifull som snekkermaterial.

Acer platanoides

Kjelder [endre]