Pannekake
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pannekake er ein matrett som blir laga i ei steikepanne. Dei vanlegate ingrediensane er kveitemjøl, salt, mjølk og egg. Tradisjonelt blir pannekaka eten med sukker, kanel, blåbærsyltetøy eller steikt flesk som middagsrett, men den kan også bli brukt som dessert, då gjerne saman med piska krem og molte.
I den seinare tida har ein kunne fått kjøpt ferdigsteikte pannekaker, eller ferdigblanda pannekakemiks (som berre skal tilsetjast vatn), i butikkane.
I Frankrike får ein pannekaker (crêpes) og galettes i eigne crêperier, som det finst minst ein av i kvar by av ein viss storleik. Ein kjend variant av franske pannekaker er Crêpes Suzette.
Pannekaker blir i Amerika ofte brukt til frukost, gjerne med sirup på.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pannekake» frå Wikipedia på bokmål, den 8. juni 2008.
.