La Manga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

La Manga del Mar Menor er ein populær plass for turistar i Spania. Området er ein lang sandbanke som, med unnatak av ei lita opning, skil el Mar Menor(Litlehavet) frå Middelhavet. På denne sandbanken finn ein ymse hotell og leilegheiter m.a. Ein kan driva med forskjellige typar sport på vatn og forskjellige typar landsport som tennis og golf her. I tillegg kan ein finna mange fine promenadegater her om ein ynskjer å spasera.

Cartagena i Spania er ein av storbyane som ligg nært La Manga, og om ein skulde ha lyst på ein dagstur er Cartagena eit spanande mål.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Næraste flyplass er San Javier. Herfrå kan ein leiga seg bil eller ta buss til dømes.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

I 1969 vart filmen La Vida Sigue Igual spela inn her med Julio Iglesias i hovudrolla, mellom anna i El Casino og Hotel Entremares og i 1970 vart filmen En Un Lugar de La Manga spela inn her òg, med Manolo Escobar og Concha Velasco i hovudrollene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]