Lady Jane Grey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleri av Lady Jane Grey, måla av Paul Delaroche (1833)

Lady Jane Grey (12. oktober 153712. februar 1554), òg kalla nidagarsdronninga, var ein engelsk kongeleg, ei kort tid rekna som dronning, som blei avretta i Tower of London. Ho blir ikkje alltid rekna med i den engelske tronfølgja, men ho var som femtenåring teknisk sett regent dei ni dagane frå 10. til 19. juli 1553. Ho var av huset Tudor, faren til mormora hennar var Henrik VII av England.

Jane var fødd i Bradgate i Leicestershire.

Fordi forgjengaren hennar, Edward VI, var mindreårig, blei England i hans tid styrt av riksforstandarane (protektor). Frå 1552 var hertugen av Northumberland riksforstandar. Sonen hans, Lord Guilford Dudley, gifta seg med Jane Grey den 15. mai 1553. Målet til hertugen var at den engelske krona skulle tilfalla slekta hans, og han klarte å få den unge og sjukelege kong Edward til å utelate halvsøstrene sine, Maria og Elizabeth, frå arvefølgja, og i staden peike ut Jane Grey som sin etterfølgjar.

Då Edward døydde 6. juli 1553, aksepterte Jane motvillig krona og blei utropa til dronning. Det viste seg derimot at folket støtta Maria, og borgarmeisteren i London utropa Maria til dronninga i England 19. juli.

Jane Grey og mannen hennar blei arresterte, og dømd til døden for høgforræderi. Året etter blei dei avretta i Tower of London.

Jane på film[endre | endre wikiteksten]

Historia om Lady Jane har blitt filmatisert tre gonger:

Referansar[endre | endre wikiteksten]