Høgforræderi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dødsdommen mot kong Karl I av England. Kongen hadde kriga mot det engelske parlamentet. Han blei dømd for høgforræderi og avretta.

Høgforræderi er ei form for landssvik innan strafferetten i visse land som tek for seg åtak på styresettet til staten, til dømes ved vald eller tvang mot statsoverhovudet eller statlege styresmakter.[1]

I eldre tider var vanlegvis kravet for at nokon kunne straffast for høgforræderis at dei var undersått i landet dei hadde forbrote seg mot, eller av visse grunnar skulda dette landet truskap. Dette er ikkje ein føresetnad i nyare straffelovar mot denne typen brotsverk. Straffa for høgforræderi kan vera dødsstraff (ikkje lenger i Europa), fridomsstraff på livstid eller eit anna lengre tidsrom. Same straffemaksimumet gjeld vanlegvis om gjerningen lukkast eller ikkje. Langvarige førebuinga til høgforræderi og offentlege oppfordringar til dette brotsverket fører vanlegvis med seg straff. Høgforræderibrotsverk mot staten til fordel for ein annan nasjon blir òg kalla landssvik, særleg i samband med krig. Militært landssvik og landssvik i samband med pågåande eller trugande væpna konflikt blir òg kalla krigsforræderi.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Norsk straffelov omfattar ikkje omgrepet høgforræderi, men denne typen brotsverk fell under straffeloven kapittel 17 (Vern av Norges selvstendighet og andre grunnleggende nasjonale interesser).[1] Maksimumsstraffen for dei grovaste brota mot denne loven er fengsel i 21 år.[2][3]

Sverige[endre | endre wikiteksten]

Høgforræderi er ifølge gjeldande svensk rett brot mot tryggleiken til riket med det som føremål å leggja landet under ei framand makt. Forræderibrot kan falla under brot mot Tryckfrihetsförordningen.

I Sverige er straffa styrt av 19. kapittel § 1 i straffeloven:

« Den som, med uppsåt att riket eller del därav skall, med våldsamma eller eljest lagstridiga medel eller med utländskt bistånd, läggas under främmande makt eller bringas i beroende av sådan makt eller att del av riket skall sålunda lösryckas, företager handling som innebär fara för uppsåtets förverkligande, dömes för högförräderi till fängelse i tio år eller på livstid eller, om faran var ringa, i lägst fyra och högst tio år. »

I den gamle svenske straffeloven fanst ikkje uttrykket høgforræderi, men kapittel 8 § l skreiv om förräderi på ein måte som stort sett svarer til høgforræderiordningar i andre lovverk. Straffa var (til 1921) dødstraff eller straffearbeid på livstid. Ved mindre trugande brotsverk blei denne nedsett til straffearbeid i seks til ti år. Krigsforræderi hadde fram til 1973 dødsstraff som mogleg følgje i krigstid, men denne har aldri blitt brukt. Etter 1973 er alle dødstraffer avskaffa. I dag er straffa i Sverige fengsel på mellom 10 og 18 år (eller livstid). Ved mindre trugande brotsverk er straffa fengsel i mellom 4 og 10 år.

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

I Storbritannia er high treason ulovlege åtak eller forsøk på åtak på monarken si makt og stilling. Til slike brotverk reknar ein samansverjingar for å drepa monarken; seksuell omgang med ektemaken til monarken, med den eldste ugifte dottera til monarken, med ektemaken til tronarvingen; å føra krig mot monarken, hjelpa og støtta fiendane til monarken og dessutan å undergrava den lovlege arvefølgjerekka til den britiske krona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «høyforræderi». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 30. desember 2015. 
  2. «Lov om straff (straffeloven) - Kapittel 17.1 Vern av Norges selvstendighet og andre grunnleggende nasjonale interesser - Lovdata», lovdata.no, henta 18. mai 2020 
  3. «7. Vern av rikets selvstendighet og andre grunnleggende nasjonale interesser», Stortinget (på norsk), 5. februar 2008, henta 18. mai 2020