Lake of Menteith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lake of Menteith
Lake of Menteith - Mot Port of Menteith
Mot Port of Menteith
Stad Skottland
Koordinatar 56°10′N 4°17′WKoordinatar: 56°10′N 4°17′W
Tilknytte land Flag of Scotland.svg Skottland
Øyar Inchmahome, Dog Isle, Inch Talla

Lake of Menteith (skotsk-gælisk Loch Innis MoCholmaig), er ein innsjø i Skottland, ved Carse of Stirling, flodsletta i øvre delar av elvne Forth og Teith, oppfor Stirling. Fram til tidleg på 1800-talet vart det meir vanlege skotske namnet Loch of Menteith nytta[1]. Den einaste større busetnaden ved Lake of Menteith er Port of Menteith.

Det ligg fleire små øyar i innsjøen. Den største er Inchmahome og her finn ein Inchmahome kloster, eit eldgammalt kloster. Dronning Maria av Skottland søkte tilflukt her i 1547. Ho var då berre fire å gamal og var her i fire veker etter det katastrofle slaget ved Pinkie Cleugh i september dette året.

Innsjøen er ikkje særleg djup og kan fryse heilt til i kalde vintrar. Om isen vert tjukk nok vert det halde ein utandørs curlingkonkurranse her, kalla The Bonspiel eller Grand Match. Sjølv om dette er sjeldan, trekkjer det til seg tusenvis av curlingspelarar. Den siste Grand Match vart halde i 1979. De vart planlagt Bonspiel i 2010, men dette vart skrinlagd på grunn av tryggleiken.[2]

Lake of Menteith vert ofte omtalt som den einaste innsjøen i Skottland som vert omtalt med namnet «lake», men det er i røynda fleire andre. Nesten alle innsjøar i Skottland heiter noko med «loch».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inchmahome Priory». Undiscovered Scotland. http://www.undiscoveredscotland.co.uk/aberfoyle/inchmahomepriory/index.html. Henta 3. september 2010. 
  2. «Grand Match off over safety fears». BBC News. 8. januar 2010.