Stirling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om byen i Skottland. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Stirling (fleirtyding).

Stirling

skotsk-gælisk
skotsk
Sruighlea
Stirlin
Stirling sentrum
Stirling sentrum
Plassering
Stirling is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Stirling
Tradisjonelt grevskap Stirling and Falkirk
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

33 710
Koordinatar 56°7′″N 3°56′″WKoordinatar: 56°7′″N 3°56′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer FK7-FK9
Telefon-retningsnummer 0 1786
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stirling

Stirling (Sruighleagælisk) er ein by og ein burgh i regionen Stirling i Skottland. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Byen er klynga rundt ei stor festning og ein gammal bydel frå mellomalderen. Han er eit senter for styresmakter, detalj- og engroshandel, og lettare industri. Stadnamnet Stirling har ukjend opphav.

Stirling Castle, sett frå sørvest.

Historia til Stirling er stolt då han er den gamle hovudstaden i kongeriket Skottland og var ein kongeleg burgh fram til 1975. I 2002, som ein del av dronning Elisabeths gulljubileum vart Stirling gjeve status som city.

Opp gjennom historia har Stirling vore åstad for dramatiske hendingar i skotsk historie.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologien har spora ei busetjing i Stirling tilbake til steinalderen. Sidan Romarriket okkuperte Storbritannia har Stirling vore ein viktig stad på grunn av høgda han ligg på, som var lett å forsvare og som det sidan vart reist ei festning på, Stirling Castle. I tillegg låg Stirling strategisk plassert i tilhøve til elva Forth. Det er trudd at Stirling var festninga Iuddeu eller Urbs Giudi der Oswiu av Northumbria vart kringsett av Penda av Mercia i 655 slik som det er vorte nedskriven hos krønikeskrivaren Bede og andre samtidige annalar.

Ei ferje og seinare ei bru over elva til Stirling og deretter ei hamn gjorde staden til eit knutepunkt for handel og førte rikdom og innverknad. Byen fekk charter som kongeleg burgh av kong David I av Skottland1100-talet. Chartret vart seinare ratifisert av seinare monarkar der byen då vart referert til som Strivelyn.

Under dei langvarige krigane til Skottland med England vart viktige slag utkjempa ved Stirling. Andrew Murray og William Wallace nedkjempa engelskmennene i 1297 i slaget ved Stirling Bridge, og ved ein landsby rett ved i 1314 nedkjempa den skotske kongen Robert Bruce i utgangspunktet dei overlegne hærstyrkane til den engelske kongen Edvard II i slaget ved Bannockburn.

Byen har to latinske motto som begge var plassert på dei første segla som burgh. Eit av dei er verna frå 1296:[1]

Hic Armis Bruti Scoti Stant Hic Cruce Tuti («The Britons stand by force of arms, The Scots are by this cross preserved from harm sin») og Continet Hoc in Se Nemus et Castrum Strivilinse («The Castle and Wood of Stirling town are in the compass of this seal set down»)[2]

I nærleiken av festninga står Det Heilage Krossen-kyrkja (Church of the Holy Rude «Rude» eller «Rood» er gammalengelsk for det engelske ordet «Cross» = kross) og som er den mest viktige historiske bygningen i byen. Kyrkja vart ombygd på 1400-talet etter at Stirling brann ned i ein katastrofal brann i 1405. Kyrkja er den einaste overlevande kyrkja i Storbritannia, unntatt Westminster Abbey, som har hatt ei kroning. Den 29. juli 1567 vart babtsonen til Maria I av Skottland krona som Jakob VI av Skottland her. Han vart seinare òg konge av England som Jakob I. Kulehol frå troppane til Oliver Cromwell i løpet av den engelske borgarkrigen er enno synleg på tårnet til kyrkja og bygningen.

I løpet av borgarkrigen stod slaget ved Stirling i 1648 midt i Stirling by den 12. september 1648.

Festningsverket fortsette å spele ei strategisk militær rolle i løpet av jakobittopprøret1700-talet . I 1715 klarte ikkje jarlen av Mar å ta kontroll over festninga. I januar 1746 erobra hæren til Charles Edward Stuart byen, men klarte ikkje å erobre festninga. Då hæren trekte seg tilbake og nordover sprengte dei kyrkja til St. Ninians der dei hadde lagra ammunisjon. Berre tårnet til kyrkja overlevde og står enno.

Økonomisk har elva Forth og hamna gjeve støytte til handel, inkludert handel med te frå India og handel med tømmer frå Austersjøen. Då jarnbanen vart utbygd var det byrjinga med nedgangen til sjøfarten og på midten av 1900-talet vart hamna nedlagt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RM Urquhart, Scottish Burgh and County Heraldry, London, 1973
  2. Ei direkte omsetjing utan rim: «Britonane har hæren sin medan skottane har krossen sin» og «Stirlings festning og skog er området til dette seglet».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]