Lansana Conté

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lansana Conté

Lansana Conté (193422. desember 2008) var president i Guinea frå 3. april 1984 til han døydde.

Conté studerte ved militære skular i Elfenbeinskysten og Senegal, då del av det franske koloniriket i Afrika. I 1955 verva han seg til den franske hæren, og var stasjonert i Algerie under sjølvstendekrigen der i 1957. Etterpå vende han attende til Guinea, som vart sjølvstendig frå Frankrike 2. oktober 1958, og vart med i den nye hæren der som sersjant. Han steig i gradene til han vart assisterande stabssjef for hæren i 1975. I 1980 vart han vald inn i parlamentet.

26. mars 1984 døydde president Ahmed Sékou Touré, som hadde vore president heilt sidan sjølvstendet i 1958. 3. april same året leidde Lansana Conté eit militærkupp mot den mellombelse regjeringa. Dei neste åra leidde Conté ei militærregjering. Han leidde landet vekk frå den sosialistiske linja som forgjengaren hadde ført. I 1985 slo han ned eit kuppforsøk, om lag 100 militære vart avretta for deltaking i kuppforsøket. Tidleg i 1990-åra gjennomførte Conté ein prosess i retning sivilt styre. Politiske parti vart legaliserte i 1992, og 19. desember 1993 vart det halde presidentval. Conté stilte som kandidat for det nye partiet Parti de l'Unité et du Progrès (Partiet for einskap og framgang), og vann med 51,7 % av røystene, trass anklagar om valfusk. I 1996 overlevde han nok eit kuppforsøk. Conté vann nye presidentval 14. desember 1998 med 56,1 % av røystene. I november 2001 vart det halde ei folkerøysting som forlengde presidentperioden frå 5 til 7 år, og heva avgrensingar på kor mange periodar ein president kan sitja. Endringane vart godkjende, offisielt med 98,4 % av røystene, men opposisjonen avviste dette som valfusk. Presidentvalet 21. desember 2003 vart boikotta av alle utanom ein opposisjonskandidat, og Conté vann med 95,3 % av røystene.

I januar 2007 var det omfattande uro i hovudstaden Conakry og store demonstrasjonar mot president Conté. Nesten hundre menneske skal ha blitt drepne i samband med demonstrasjonane.[1] Conté avviste å gå av.

23. desember 2008 kunngjorde styresmaktene i Guinea at Lansana Conté hadde døydd dagen før. Seinare same dagen kunngjorde ein militærjunta at dei hadde avsett regjeringa i landet.