Lars Rise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Rise
Fødd18. mars 1955 (69 år)
Hamar kommune
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, statsvitar
Alle verv

Lars Rise (fødd 18. mars 1955) er ein norsk journalist, politikar og næringsdrivar. Han representerte Oslo og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1997 til 2005.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rise er utdanna i statsvitskap ved Institutt for sammenliknende politikk, skreiv hovudoppgåve om ’En president i krise: president Jimmy Carters beslutninger i tilknytningen til gisselkrisen i Iran 1980’. Jamsides med studiane vikarierte han som journalist i Stavanger Aftenblad, Bergens Tidende, Aftenposten, NRK Radio og NRK Dagsrevyen. Etter studieåra var han kortvarig nyheitsredaktør i Dagen og redaktør i avisa Midhordland. Frå 1989 tilsett i Kommunenes Sentralforbund til han i 1992 fekk stillinga som administrerande direktør i Sykkel-VM 93, ein organisasjon som vart avvikla i 1996.

Rise var medlem 1980-83 og varamedlem 1987-91 i fylkestinget for Hordaland. Hausten 1997 vart han vald til stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti og Oslo, attvald i 2001. På Stortinget var han medlem i Energi- og miljøkomiteen til Bondevik I-regjeringa gjekk av i mars 2000, resten av fireårsperioden sat han i Forsvarskomiteen. I stortingsbolken 2001–2005 var han medlem i Utanrikskomiteen. Rise vart i 2005 vraka frå fyrsteplassen til Oslo KrF. ved stortingsvalet.

Sidan var han eigar og drivar av Langesund Bad, og dessutan generalsekretær i Småbedriftsforbundet frå 2006 til ?.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]