Leirfjorden på Helgeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgelandsbrua kryssar Leirfjorden

Leirfjorden er ein fjord som strekkjer seg frå Leirosen i Leirfjord kommune og 23 km utover til Sandnessjøen og Botnfjorden i Alstahaug kommune.

Sør for fjorden ligg øya Alsta. Gjennom Sundet aust for Alsta heng fjorden saman med Vefsnfjorden. I fjordbotnen er det ei lang leirfjære. 5 km ut fjorden, på nordsida, ligg kommunesenteret og kyrkjestaden Leland.

Fylkesveg 17, kystriksvegen, kryssar fjorden på Helgelandsbrua.