Leopold II av Belgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leopold II av Belgia

Konge av Belgia
Periode10. desember 1865
17. desember 1909
Fullt namnLeopold Louis-Philippe Marie Victor
Fødd9. april 1835
FødestadBrussel i Belgia
Død17. desember 1909
DødsstadBrussel i Belgia
MorLouise-Marie av Orleans
FarLeopold I av Belgia
EktefelleMarie Henriette av Austerrike
BarnLouise van België, Leopold van België, Stefanie van België, Clementine van België, Lucien Philippe Marie Antoine Delacroix Durieux, Philippe Henri Marie Francois Delacroix Durieux
FarLeopold I av Belgia
MorLouise-Marie av Orleans
FøregangarLeopold I av Belgia
EtterfølgjarAlbert I av Belgia
Døme på tortur i kolonien til Leopold II.

Kong Leopold II av Belgia (9. april 183517. desember 1909) etterfylgde faren Leopold I som konge i Belgia i 1865. Han høyrde til det tyske fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha, som òg var nært knytt til den engelske trona. Han er best kjend utanfor Belgia for å ha oppretta og eigt Fristaten Kongo, der han tente store pengar på elfenbein og gummi; dei grusomme metodane som vart brukte for å få tak i desse varene kosta mellom 5 og 21 (mest sannsynleg omkring 10) millionar afrikanarar - halve folkesetnaden i landet - livet. Han igangsette òg masseavkutting av hender, føter osb. på slavar som ikkje produserte nok av varene belgiarane hadde pålagt dei å levere.

Samtidig som kappløpet om Afrika føregjekk var Leopold svært interessert i koloniar, han såg på dei som ein måte å auke vyrda åt landet. Etter fleire mislukka forsøk på kolonialisering både i Afrika og Asia etablerte han eit privat selskap, kamuflert som eit filantropisk og vitskapleg selskap. Han tilsette den skruppelause oppdagaren Henry Morton Stanley for å etablere ein koloni i Kongoområdet. Stanley fekk gjort beslag på eit større landområde (dagens Kongo) som det lukkast, etter mykje diplomatisk manøvrering før og under Berlinkonferansen, å få anerkjent som Leopold sin private eigedom under namnet Fristaten Kongo.

Den belgiske kongen innførte eit uvanleg brutalt styre i dei områda han okkuperte og dreiv rovdrift både på materielle og menneskelege ressursar. Skipslastar med våpen og ammunisjon forlet belgiske hamner og dei same skipa returnerte lasta med tropisk trevirke, rågummi, skinn, osb. Det belgiske foket hadde i starten synt liten interesse for Kongo, men kongen sytte for at adelen og kjøpmenn fekk sin del av utbyttet, slik at interessen for å ta del i utbyttinga auka.

Nyheiter spreidde seg ikkje så fort på denne tida og det gjekk lang tid før det vart kjent kva som føregjekk i Kongo. Ei medverkande orsak til dette kan ha vore at andre europeiske statar heller ikkje oppførte seg som englar i dei landa dei okkuperte i Afrika og at dei ikkje såg seg tente med alt for mykje omtale. Den engelske journalisten Edmund Dene Morel var ein av dei fyrste som tok til å informera verda om dei brutale overgrepa som den belgiske kongen gjorde seg skuld i. Desse skuldingane gjekk ut på at innbyggarane i Kongo vart haldne som slavar og tvinga til å arbeida for okkupasjonsmakta. Etter kvart fekk han støtte av fleire vitne, som fortalte om bruk av grov tortur, som avkapping av hender, stokkeslag, utsvelting, osb. og det vart stifta ei protestrørsle i England [1]. Det var fyrst og fremst i samband med gummiutvinninga at desse overgrepa tok plass. Stoda var verst på 1890-talet.

Den belgiske kongen og den belgiske adelen, som òg tente enorme summar på gummiutvinninga, freista i det lengste å skjula som gjekk føre seg i Kongo, men etter kvart førte rapportar om gjentekne overgrep mot lokalfolkesetnaden til ei internasjonal protestrørsle mot Fristaten Kongo, og i 1908 kravde den belgiske regjeringa at kongen avstod landområdet til Belgia. Staten vart etter dette kjend som Belgisk Kongo.

Kong Leopold II vart forøvrig utnemnd til storkrossen av St. Olavs Orden den 13. juli 1897.

Leopold II sitt ettermæle er eit svært følsamt emne i dagens Belgia og då boka[1] til Adam Hochschild kom ut førte det til eit oppheita diskusjon mellom dei som ynskjer å dølga dette kapitlet i landet si historie og dei som meiner at Belgia bør vedkjenna seg det som hende og ta eit oppgjer med historia, på same måte som Tyskland gjorde etter 2. verdskrig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Adam Hochschild,King Leopold’s Ghost: A Story of Greed, Terror, and Heroism in Colonial Africa, Mariner Books, 1998.

Mal:FOLDOC

Føregangar
Leopold I av Belgia
Konge av Belgia
18651909
Etterfylgjar
Albert I av Belgia