Les Droites

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Les Droites
Les Droites (bak til høgre), med Aiguille Verte i midten og Aiguille du Dru til venstre
Les Droites (bak til høgre), med Aiguille Verte i midten og Aiguille du Dru til venstre
Høgd over havet 4 000 m
Ligg i/på Frankrike Frankrike
Fjellkjede Dei graiiske Alpane
Koordinatar 45°56′20″N 6°59′28″EKoordinatar: 45°56′20″N 6°59′28″E
Førsteklatring 7. august 1876 av Thomas Middlemore, John Oakley Maund, Henri Cordier, Johann Jaun og Andreas Maurer

Les Droites (4 000 m) er eit fjell i Mont Blanc-massivet i dei franske Alpane.

Fjellet har to toppar:

  • Austtoppen (4000 m), fyrste gong klatra 7. august 1876 av Thomas Middlemore, John Oakley Maund saman med fjellførarane Henri Cordier, Johann Jaun og Andreas Maurer.
  • Vesttoppen (3984 m), fyrste gong klatra 16. juli 1876 av W. A. B. Coolidge, Christian Almer og Ulrich Almer.

Nordveggen av fjellet reiser seg kring 1600 m opp frå Argentière-koppen. Gjennomsnittleg steilheitsgrad på fjellsida er 60°, og veggen er den brattaste langs den 10 kilometer lange egga som strekker seg frå Aiguille Verte til Mont Dolent. Fyrste ruta i nordveggen vart klatra 31. juli 1930 av Bobi Arsandaux og Jacques Lagarde. Ruta dei tok går opp hovudrenna på nordaustflanken av fjellet. Klatraren Reinhold Messner har uttala at nordveggen på Les Droites er den villaste nordveggen i Alpane.