Liaoyuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liaoyuan si plassering i Jilin

Liaoyuan (kinesisk: 辽源; 遼源; pinyin: Liáoyuán) er eit byprefektur vest i provinsen Jilin i det nordlege Kina. Prefekturet har eit areal på 5 125 km2, og i kring 1,23 millionar innbyggjarar (2007). Ca 462 000 menneske bur i byområde. Byprefekturet Liaoyuan består av to distrikt og to fylke.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 303 går frå Ji'an i Jilin til Xilinhot i Indre Mongolia. Til provinshovudstaden Changchun er det i kring 100 kilometer.