Indre Mongolia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Indre Mongolia
内蒙古

Oburmonggul.svg
Fleire namn Kyrillisk: Өвөр Монгол (transkripsjon): Öbür mongγol Pinyin: Nèi Měnggǔ)
Plassering
Kart over Indre Mongolia i Kina.
Kart over Indre Mongolia i Kina.
Styresmakter
Hovudstad Hohhot
Geografi
Flatevidd
1 183 000 km2 km²
Annan informasjon
Nettstad: www.nmg.gov.cn


Indre Mongolia er ein autonom region i Folkerepublikken Kina.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sletteland i Indre Mongolia.

Indre Mongolia grensar i nord til republikken Mongolia og Russland, i sør til provinsane Hebei, Shanxi, Shaanxi, Ningxia og Gansu og i aust til Liaoning, Jilin og Heilongjiang. Provinsen dekkjer 12 % av arealet til Kina, men berre 2 % av innbyggjarane bur der. Regionen er med andre ord ein av dei mest grisgrendte områda i Kina. Størstedelen av området ligg på mellom 1000 og 1500 m.o.h., og store delar av Gobiørkenen ligg i Indre Mongolia.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketalet består i 80% hankinesarar, 17% mongolar samt minoritetsgruppene mandsjuar (2%), huikinesarar (0,9%), daur (0,3%), evenkar, oroqin og koreanarar. Regionen har status som nasjonalt minoritetsområde for mongolane. Opphavleg var dei nomadefolk, men dei fleste er bufaste no til dags. Om lag 350 000 driv framleis med gjeting av buskap. Størstedelen av innbyggjarane er busette på Hetao-sletta langs Huang He og sideelvane samt Khorcinsletta. Dei største byane er industribyen Baotou og hovudstaden Hohhot. Berre 5 % av arealet i regionen er dyrka mark; dette har sjølvsagt med det barske klimaet å gjera.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området vart politisk sameint med Kina då den mongolske hæren erobra Kina på 1200-talet. Seinare, då Ytre Mongolia vart liggjande inneklemt mellom interessene til Kina og Russland, blei Indre Mongolia verande under kinesisk innverknad. I 1947 oppretta dei kinesiske kommunistane Indre Mongolia som autonom region. I moderne tid har det vorte danna separatistrørsler i det mongolske folket i regionen.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Prefektura i Indre Mongolia.

Indre Mongolia er delt inn i 12 prefektureiningar:

  1. Alxa
  2. Bayan Nur
  3. Wuhai
  4. Ordos
  5. Baotou
  6. Hohhot
  7. Ulanqab
  8. Xilin Gol
  9. Chifeng
  10. Tongliao
  11. Hinggan
  12. Hulunbuir

Desse er inndelte i 102 ulike typar fylke, som igjen er inndelte i 1425 ulike typar kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]