Lilla stjärna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Lilla stjärna»
Song av Alice Babs

Land Sverige
Språk Svensk
Utgjeve 1958
Sjanger Slager, ballade
Selskap Ikkje gjeven ut[1]
Låtskrivar(ar) Åke Gerhard, Gunnar Wersén

«Lilla stjärna» (norsk omsetjing ‘vesle stjerne’) er ein svensk slagerlåt frå 1958 som blei framført av Alice Babs. Songen var det fyrste bidraget til Sverige i Eurovision Song Contest og enda på ein fjerdeplass i Eurovision Song Contest 1958. Songen var skriven av Åke Gerhard, med tekst av Gunnar Wersén. Babs framførte songen i Eurovision Song Contest i Hilversum i Nederland.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sveriges Radio Television deltok i Eurovision Song Contest for fyrste gong og arrangerte ingen svensk finale i forkant av den internasjonale finalen. I staden spurde kringkastaren om slagerstjerna Alice Babs ville representere landet, og Babs takka ja til oppdraget.

Sveriges Radio Television valde låten «Samma stjärnor lysa för oss två» med tekst og musikk av Åke Gerhard, men Alice Babs likte ikkje teksten, og kringkastaren fekk tekstforfattaren Gunnar Wersén til å skrive ein ny tekst med tittelen «Lilla stjärna».[2] Tekstforandringa blei gjort utan samtykke frå Åke Gerhard samtykke. Avgjerdsla gjorde Gerhard opprørt og han forbaud all studioinnspilling og utgjevingar av songen. Det finst difor ingen studioutgjeving av songen, berre originalopptaket frå tevlinga i Nederland i 1958.[2][3][4]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Lilla stjärna» blei framført som det femte bidraget i Eurovision Song Contest den 12. mars 1958 i Hilversum i Nederland. Dette var den tredje gongen tevlinga blei arrangert, og det var fyrste gongen Sverige deltok. Til saman deltok ti land i tevlinga.

Alice Babs stilte på scena i ei folkedrakt frå Leksand, og fekk til slutt 10 poeng og ein fjerdeplass av ti deltakarar. Frankrike vann tevlinga med «Dors, mon amour», framført av André Claveau.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Record Details – "Lilla stjärna"». 45cat.com. Henta 22. april 2018. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 «60 år sedan Alice Babs var först». Minnenas Journal (på svensk). 24. januar 2018. Henta 22. april 2018. 
  3. Fahl, Hanna (27. januar 2018). «Glamour, slagdängor och tittarstormar – så föddes Melodifestivalen». DN.SE (på svensk). Henta 7. juni 2022. 
  4. «Alice Babs - det första svenska bidraget i Eurovision Song contest» (på svensk). Sveriges Radio : P4 Örebro. 21. januar 2014. Henta 7. juni 2022.