Hilversum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hilversum
Rådhuset i Hilversum
Rådhuset i Hilversum
Flagget til Hilversum Byvåpenet til Hilversum
Flagget til Hilversum Byvåpenet til Hilversum


Plassering
Plassering av  Hilversum
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Noord-Holland
Borgarmeister Ernst Bakker
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

46,24 km²
  45,59 km²
  0,65 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

83 757
  1 837/km²
Koordinatar 52°23′″N 5°18′″EKoordinatar: 52°23′″N 5°18′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.hilversum.nl


Hilversum er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland. Han ligg i regionen 't Gooi og er den største byen i området med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er omgjeve av lyngheilandskap, skogar, enger, innsjøar og mindre landsbyar. Hilversum er ein del av Randstad, ein av dei største storbyområda i Europa.[2]

Hilversum ligg om lag 30 km søraust for Amsterdam og 25 km nord for Utrecht.

Byen vert ofte kalla «mediabyen» sidan dei største kontora for nasjonal radio og fjernsyn i Nederland ligg her. Radio Nederland, som har vore på kortbølgjeradio over heile verda sidan 1920-åra har basen sin her. I Hilversum ligg òg store kompleks med lyd- og fjernsynsstudio, i tillegg til studio og kontor for alle dei nederlandske rikskringkastingsorganisasjoane og fleire kommersielle TV-selskap.

Hilversum er òg kjend for det arkitektonisk viktige Raadhuis (rådhus) teikna av Willem Dudok (1884-1974).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]