Limes Germanicus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rekonstruksjon av eit kastell nær Bad Homburg
Kart over til Lime i øvre Germania og Raetia, kring 200 e. Kr.

Limes Germanicus var den befesta grensa som skilte Romarriket frå dei germanske stammane. Ho blei oppført frå år 83 e.Kr. til kring 260. På det høgaste gjekk ho frå Nordsjøen langs Rhinen til Regensburg ved Donau.

til Lime i øvre Germania og Raetia var ein 550 km lang del av limes med anlegg mellom Rhinen og Donau. Forsvarsbygga ved grensa er i dag minnesmerke og siden 2005 del av UNESCO si verdsarvsliste.

Limes tyder på latin 'grenseveg' eller 'strekning utan vekstar', og blir i dag hovudsakleg brukt om grensevollen ved den nordlege grensa av riket. Den tyske delen har namn etter dei romerske provinsane som låg her: Raetia og Germania Superior (øvre Germania).

Limes i øvre Germania følgjer ikkje berre naturlege grenser som vassfar eller fjellkjeder. Funksjonen til forsvarsanlegga er ikkje heilt klarlagt. Ein går ut frå at hovudformålet var overaking av handelsvegane. Anlegga hadde ikkje høve til å motstå eit større militært åtak. For å sikre handel med germanske folkeslag hadde Limes eit stort tal grenseovergangar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]