Linus Torvalds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Linus Torvalds, skaparen av Linux

Linus Torvalds (fødd 28. desember 1969) er ein finlandssvensk dataprogrammerar og opphavsmannen til operativsystemkjernen Linux. Han er busett i USA og jobbar for Open Source Development Labs (OSDL).

Torvalds er fødd i Helsingfors som son av Anna og Nils Torvalds og soneson av diktaren Ole Torvalds. Linus Torvalds blei kalla opp etter den amerikanske doble nobelprisvinnaren Linus Pauling.

Han utvikla dei første datainteressene sine med ein Commodore VIC-20. Den neste datamaskinen hans var ein Sinclair QL som han endra dramatisk, særleg operativsystemet. I 1990 kjøpte han ei IBM-maskin med Intel 80386-prosessor og byrja arbeidet med Linux.

Frå 1988 til 1996 studerte Torvalds ved universitetet i Helsingfors. Han gjekk ut med mastergrad i datavitskap. Masteravhandlinga hadde han skrive om Linux.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Linus Torvalds
Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.