Ubuntu Linux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
ubuntu 8.04 (Hardy Heron)
Skapar: Mark Shuttleworth
Utviklar: Canonical Ltd
Utgjeve: 20. oktober 2004
Skrivebordsmiljø: Gnome
Siste versjon: 7.10 (Gutsy Gibbon)/ oktober 2007
Siste beta-versjon: 8.04 (Hardy Heron)/ 24.april 2008
Plattform: i386, AMD64, PowerPC, PlayStation 3, UltraSPARC
OS-familie: Unix
Type: Skrivebord
Type kjerne: Linux
Lisens: GNU General Public License
Nettside: Ubuntu.com

Ubuntu Linux er ein Linux-distribusjon basert på GNU/Linux-prosjektet Debian. Ubuntu er støtta av selskapet Canonical Ltd. som vert leidd av Sør-Afrikanaren Mark Shuttleworth. Ubuntu er eit afrikansk ord som tyder "å vere medmenneskeleg".

Nye utgåver av Ubuntu kjem ut kvar sjette månad. Dette er den same syklusen skrivebordet GNOME har. Dermed er brukarane alltid sikra det siste innan skrivebordsmiljø.

Alle versjonar av Ubuntu får eit kodenamn og eit versjonsnummer. Versjonsnummeret er gjord av månaden og året den utgåva av Ubuntu kom ut. Den fyrste versjonen av Ubuntu fekk kodenamnet "Warty Warthog" og hadde versjonsnummeret 4.10, ettersom han kom ut i oktober 2004. Meininga er at det skal koma ny utgåve av Ubuntu kvart halvår, slik at versjonsnummeret alltid vekslar mellom .04 og .10. "Dapper Drake" vart unnataket frå regelen, ettersom han vart to månader forseinka. Dermed vart versjonsnummeret for Dapper Drake 6.06. Den neste utgåva, Edgy Eft kom ut til planlagd tid og har versjonsnummeret 6.10. Siste utgåva av Ubuntu Linux heitar Hardy Heron og har versjonsnummeret 8.04.

[endre] Sjå òg

[endre] Referanse


[endre] Bakgrunnsinformasjon


Linux-distribusjonar
ALT Linux | Ark Linux | Caldera | CentOS | Debian | Damn Small Linux | Fedora Core | Fox Linux | Gentoo | Gnoppix | Knoppix | Kubuntu | Linspire | Lycoris | Mandriva | Mepis | Puppy Linux | Red Hat Enterprise Linux | Skolelinux | Slackware | openSUSE | Trustix | Ubuntu | Xandros | Yellow dog Linux | Yggdrasil Linux | YOPER  | Zenwalk


Personlege verktøy