Llyn y Fan Fach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Llyn y Fan Fach
Llyn y Fan Fach -
Stad Brecon Beacons nasjonalpark i Carmarthenshire
Koordinatar 51°52′55″N 3°44′31″WKoordinatar: 51°52′55″N 3°44′31″W
Type innsjø reservoar
Utsig Sawdde
Tilknytte land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Høgd over havet 506 moh

Llyn y Fan Fach er ein innsjø på austsida av Black Mountain (Brecon Beacons nasjonalpark) i Carmarthenshire sør i Wales. Han ligg nær Llyn y Fan Fawr.

Segna om Llyn y Fan Fach[endre | endre wikiteksten]

Eit folkeminne er knytt til innsjøen. I følgje segna skal ein lokal ung mann, sonen til ei enkje frå Blaen Sawdde (nær Llanddeusant) vorte samd om å gifte seg med ei jente som steig opp frå innsjøen. Vilkåret var at han ikkje skulle slå her tre gonger. Han gjekk med på dette for jenta var særs vakker, og dei var lukkeleg i fleire år i eit hus i Esgair Llaethdy nær Myddfai, der dei fekk born. Jenta hadde spesielle kyr og andre dyr. I løpet av åra så slo mannen hennar ho tre gonger, og ho måtte attende i innsjøen og førte kveget sitt med seg. Mora kom derimot attende for å hjelpe og instruere borna sine, og sørleg ein kalla Rhiwallon. Rhiwallon og dei andre sønene reiste til hoffet til Rhys Gryg frå Deheubarth der dei vart kjende lækjarar som i dag er kjend som lækjarane frå Myddfai. Fleire av medisinoppskriftene deira finst framleis i walisiske dokument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]