Lobbyverksemd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lobbyverksemd er ein måte for interesseorganisasjonar og andre grupperingar å påverke Stortingspolitikarar på. Ordet lobbyverksemd spelar på ei førestilling om at representantar frå diverse interesseorganisasjonar påverkar politikarar munnleg «i lobbyen» mellom møte. Reell lobbyverksemd føregår på eit meir avansert nivå.

Lobbyverksemd vert langt på veg akseptert av dei fleste politiske partia i Noreg som ein naudsynt del av demokratiet. Ved hjelp av lobbyverksemd kan organisasjonar som elles ikkje driv med politikk, men likevel samlar mange menneske, få innverknad på korleis samfunnet vert styrt. Dette har ført til at nokre innflytnadsrike organisasjonar har tilsett eigne lobbyistar på heiltid.

Ordninga vert kritisert av di frivillige organisasjonar utan mykje pengar ikkje kan drive like aktiv lobbyverksemd som organisasjonar med fast tilsette lobbyistar. Det fører til eit demokratisk underskot, då pengar vil dominere korleis denne maktportalen vert nytta.

Eit anna punkt som vert kritisert er at det meste av politisk innverknad som føregår gjennom lobbyverksemd er skjult frå ålmenta. På denne måten kan ikkje motstridande organisasjonar lett granske politiske avgjerder. Openheit er rekna som eit av dei viktigaste demokratiske prinsippa i Noreg.