Loch Indaal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lochindaalmap.jpg

Loch Indaal (eller Lochindaal) er ein sea loch eller ein fjord på øya Islay, den sørlegaste av Hebridane utanfor vestkysten av Skottland. I lag med Loch Gruinart i nord vart han danna av Loch Gruinart-forkastinga,[1] som er ei forgreining av Great Glen-forkastinga.

Langs nordvestsida ligg landsbyane Bruichladdich og Port Charlotte. På nordaustsida ligg den vesle landsbyen Bridgend og på søraustsida hovudbyen på øya, Bowmore.

Lysa frå dei tre landsbyane langs dei tre sidene av fjorden inspirerte til den kjende folkevisa «The Lights of Lochindaal» av Iain Simpson.[2]

Sør for Bowmore ligg ei 9 km lang sandstrand til Kintra. Denne stranda, kjend som Big Strand, er ei populær badestrand. Stranda ligg i eit område av fjorden kalla Laggan Bay.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, AM & Holdsworth, RE (1999). «Linking onshore og offshore structures» (pdf). Journal of the Geological Society (London) 156: 1061–64. doi:10.1144/gsjgs.156.6.1061. 
  2. Iain Simpson. «Lights of Lochindaal». http://homepages.rootsweb.com/~steve/islay/poem.htm. Henta 15. januar 2010. 

Koordinatar: 55°45′N 6°21′W