Loch Shin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Loch Shin | |
|---|---|
| Stad | Nordvest i Dei skotske høglanda |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | innsjø, reservoar |
| Utsig | River Shin |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 27,2 km |
Loch Shin (skotsk-gælisk Loch Sìn) er ein innsjø nordvest i Dei skotske høglanda. I sør ligg den vesle byen Lairg. Innsjøen er den største i Sutherland, og strekkjer seg frå nordvest til søraust med ei lengd på 27,2 km.
I 1950-åra vart vassnivået heva med 10 meter då Lairg Dam vart bygd av Wimpey Construction som ein del av vasskraftutbygging i området.
Innsjøen er omgjeve av høge fjell, som Ben More Assynt i vest og Ben Klibreck i aust. Innsjøen vert drenert ut i Nordsjøen via den korte River Shin som munnar ut i Dornoch Firth.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Loch Shin» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.