Dornoch Firth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dornoch Firth (skotsk-gælisk Caolas Dhòrnaich) er ein firth eller ein fjord på austkysten av Highland nord i Skottland. Han er ein del av grensa mellom Ross and Cromarty i sør og Sutherland i nord. Fjorden er den nordlegaste armen av Moray Firth.

I lag med Loch Fleet er fjorden erklært eit særskild verneområde (SPA) for bevaring av dyreliv. I tillegg er han i lag med Morrich More erklært eit særskild bevaringsområde (SAC). Her finst fugleartar som fiskeørn, som hekkar her, og overvintrande fugleartar som lappspove, grågås , brunnakke, storspove, myrsnipe, tjeld og krikkand.

I 1991 vart Dornoch-brua opna over fjorden og korta ned vegen A9 mellom Inverness og Thurso. Før brua opna måtte trafikken gå om Bonar-brua inst i fjorden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 57°53′N 4°00′W