Loches
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Loches | |
|---|---|
| Kyrkjetårnet til St. Antoine i Loches | |
| Styresmakter | |
| Land Region Departement |
Frankrike Centre Indre-et-Loire |
| Geografi | |
| Flatevidd - By |
27,06 km² |
| Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
6 328 234/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 64 m - 147 m |
| Tidssone | CET (UTC+1) |
| Diverse anna | |
| Postnummer | 37600 |
| Heimeside: www.ville-loches.fr | |
Loches er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Indre-et-Loire i regionen Centre og har om lag 6 000 innbyggjarar. Byen ligg 45 km søraust for Tours ved den venstre breidda til Indre.
Historie [endre]
Loches (romersk Leucae) voks opp rundt eit kloster grunnlagd rundt 500 av St. Ours og høyrte til grevane av Anjou frå 886 til 1205. I 1205 vart han erobra av Kong John av England frå Filip Augustus, og frå midten av 1200-talet fram til og med Karl IX av Frankrike var slottet i byen residens for kongane av Frankrike.