Tours

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tours
Tudor buildings in Tours, France.jpg
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Centre
Indre-et-Loire
Geografi
Flatevidd
 - By

34,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

137 046
  3 973/km²
Koordinatar 47°23′37″N 0°41′21″EKoordinatar: 47°23′37″N 0°41′21″E
Høgd over havet 44 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.tours.fr

Tours er ein by i Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Indre-et-Loire ved den lågare delen av elva Loire, mellom Orléans og Atlanterhavskysten. Touraine, området rundt Tours, er eit kjend vindistrikt, og området er òg kjend for den lokale franske dialekten og det vidkjende Slaget ved Tours i 732. Han er òg åstad for sykkelrittet Paris-Tours.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Domkyrkja i Tours: Den gotiske vestfronten frå 1400-talet med spir frå renessansen i 1547.

Namnet på byen kjem frå den antikke galliske stamma kalla Turones. Under romartida vart byen kalla Turonensis eller Caesarodunum. Det moderne namnet Tours er det same som det franske ordet for «tårn». På midten av 200-talet vart Gaitanus send frå Roma for å organisere eit lite kristent samfunn. Martin av Tours var biskop i Tours mot slutten av 300-talet, og grava hans vart ein viktig pilegrimsstad, og kyrkja Saint-Martin vart ein av dei store romanske pilegrimskyrkjene, som Saturnin i Toulouse og Santiago de Compostela, og dei mektige biskopane i Tours, som Gregor av Tours, var personar dei merovingiske kongane rekna med.

Rådet i Tours vart halde her i 567.

Martel klarte å slå ein islamsk hær i byen, og slaget vert rekna som vendepunktet for dei vestlege kristne i kampen mot muslimske erobringar i Europa. Touraine var ein provins på tida under dei karolingiske herskarane (751 til 987). Vikingane plyndra byen i 853 og 903. I 1044 kom han inn under hertugane i Anjou. Under styret til Filip II, vart Livre Tournois (Tours-pund) vedtatt som internasjonal valuta i Frankrike.

1500- og 1600-talet hadde Tours ein større folkesetnad av hugenottar, og mange av desse var med på å starte den store silkeindustrien. Då Ediktet i Nantes vart avskaffa i 1685 vart tusenvis av protestantar massakrert og hugenottane flykta frå landet og den ein gong blømande silkeindustrien i Tours forsvann for alltid. Enkelte hugenottar slo seg ned i Irland, der vevekunnskapane deira var med på å etablere dei store irske linfabrikkane.

Frå 7. oktober 1870 til 6. februar 1871 var Tours provinshovudstad for Le Gouvernement de la Défense Nationale under den fransk-prøyssiske krigen. Léon Gambetta valde Tours som reservehovudstad, sidan Paris på denne tida var omleira av den prøyssiske hæren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tours