Lopan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lopan
elv
none  Kharkov renn saman med Lopan i Kharkiv
Kharkov renn saman med Lopan i Kharkiv
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Kjelde Belgorod oblast
 - høgd 190 moh
Munning Udy
Lengd 93 km
Nedslagsfelt 2 000 km²
Vassføring
 - middel 2,24 /s

Lopan (russisk og ukrainsk Лопань) er ei elv i Russland og Ukraina og den største sideelva til Udy.

Elva er 93 km lang med eit nedslagsfelt på 2000 km². Kjelda til elva ligg mellom landsbyane Vesiolaja Lopan og Oktiabrskij i Belgograd oblast i Russland. Langs elva ligg landsbyane Oktiabrskij, Kazatsja Lopan og byen Dergatsji, samt byen Kharkiv der elva møter sideelva Kharkov. 17 km frå munningen hennar er middelvassføringa 2,24 m³/s.

Lopan munnar ut i Udy 52 km før munninge hennar. Lopan har eit gjennomsnittleg fall på 0,89 meter per kilometer. Lopan deler seg enkelte stader og dannar øyar. Breidda av elvefaret er mellom 1 til 20 meter og djupet varierer frå 0,3 til 1 meter. I løpet av vårflaumen stig vasstanden til 1,5-2 meter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]