Louie Bellson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Louie Bellson

Louie Bellson, fødenamn Luigi Paulino Alfredo Francesco Antonio Balassoni (6. juli 192414. februar 2009) var ein amerikansk jazztrommeslagar frå Rock Falls i Illinois. Han er særleg kjend for å vere ein habil storbandmusikar, og han har spelt med fleire av dei mest kjende storbandleiarane.

Sytten år gamal byrja Bellson sin profesjonelle karriere i Benny Goodman sitt storband. Etter dette gjekk han over til å spele med Tommy Dorsey, Harry James og Duke Ellington (for Ellington komponerte han mellom anna låten «Skin Deep», som er å finne på albumet Ellington Uptown). I 1952 gifta han seg med borgarrettsaktivisten og vokalisten Pearl Bailey, og vart hennar musikalske leiar.

Bellson opptredde med stepping som liten. Han har vorte kreditert som den første som spelte med doble basstrommer (i 1938), og han forklarte sjølv denne «oppfinninga» med erfaringa frå steppinga.[1] Han spelte inn over to hundre album, med artistar som Goodman, Dorsey, Ellington, Count Basie, Louis Armstrong, Ella Fitzgerald, Sammy Davis Jr. og Tony Bennett.

  1. Intervju i Modern Drummer desember 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]