Lozva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lozva
Munning Tavda
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 347 km
Middelvassføring 70 m³/s
Nedslagsfelt 17 800 km²

Lozva (russisk Лозьва) er ei elv i Sverdlovsk oblast i Russland og ei av kjeldelvane til Tavda frå venstre. Elva er 637 km lang og har eit nedslagsfelt på 17 800 km². Elva har ei middelvassføring på 70 m³/s.

Elva frys til i månadsskiftet oktober/november og er isdekt til vårløysninga i månadsskiftet april/mai. Dei største sideelvane er Pynovka, Bolsjaja Jevva, Popil og Ivdel. Lozva renn saman med Sosva og dannar Tavda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]