Luberon

Koordinatar: 43°47′46″N 5°13′26″E / 43.79611°N 5.22389°E / 43.79611; 5.22389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn mot Petit Luberon

Luberon (Provençal oksitansk: Leberon eller Leberoun) er eit fjellmassiv sentralt i Provence lengst sør i Frankrike. Det består av to fjellkjeder, Store og Litle Luberon. Dalen mellom dei inneheld fleire landsbyar og jordbruksland.

Det totale innbyggjartalet varierer stort mellom vinter og sommar, sidan det kjem mykje turistar til området om sommaren. Området er naturskjønt med vakre landsbyar, eit komfortabelt levesett, rikt jordbruk og fleire historiske stader. Samuel Beckett budde til dømes i Roussillon under Den andre verdskrigen).

I 1970-åra kom folk frå heile Frankrike til «Le Luberon» på leit etter det kommunitariske idealet.

Force de frappe eller det franske strategiske atomvåpenarsenalet brukte å ligge i nærleiken, under bakken, før det vart nedrusta seint på 1980-talet.

Dei siste tiåra har ei rekkje bøker av den britiske forfattaren Peter Mayle fortalt soga om ein britisk landsforvist, som slo seg ned i landsbyen Ménerbes. Ein av desse bøkene vart filmatisert av regissør Ridley Scott i 2006 som A Good Year med mellom anna Russell Crowe i hovudrolla. Filmen vart filma her.

Landsbyar ved Luberon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mayle, Peter. A year in Provence. New York : Vintage Books, 1991.
  • Mayle, Peter. Encore Provence : new adventures in the south of France. New York : Knopf, 1999.
  • Mayle, Peter. Toujours Provence. New York : Knopf, 1991

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

43°47′46″N 5°13′26″E / 43.79611°N 5.22389°E / 43.79611; 5.22389