Lugo i Italia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baracca-plassen i Lugo

Lugo er ein by og ein kommune i provinsen Ravenna i Emilia-Romagna-regionen i Italia. Kommunen har i kring 32 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 116 km².

Kommunen ligg nordvest på den fruktbare sletta mellom elvane Santerno og Senio, 22-23 kilometer vest for provinshovudstaden Ravenna. Lugo er eit sentrum for dyrking og handel med frukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]