Ravenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ravenna
Piazza del Populo i Ravenna
Piazza del Populo i Ravenna
Plassering
Ravenna is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Ravenna
Borgarmeister Fabrizio Matteucci
Geografi
Flatevidd
 - By

652,89 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

149 084
  228.34/km²
Koordinatar 44°25′″N 12°12′″EKoordinatar: 44°25′″N 12°12′″E
Høgd over havet 4 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 48100
Telefon-retningsnummer 0544
Nettstad: www.comune.ravenna.it

Ravenna er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Ravenna i regionen Emilia-Romagna og har om lag 150 000 innbyggjarar. Byen ligg inne i landet, men er forbunde til Adriahavet via ein kanal. Ravenna var ein gong hovudstad i Vestromarriket og seinare Det austgotiske kongedømet. Med eit areal på 652,89 km² er Ravenna den nest største kommunen i Italia, om lag halvparten så stor som den største, Roma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til Ravenna er usikkert. Ravenna bestod av hus bygd på påler på ei rekkje småøyar i ein myrlend lagune, på liknande måte som Venezia fleire hundreår seinare. Romarane ignorerte staden då dei erobra området rundt deltaet til Po, men tok han seinare inn i Den romerske republikken som ein forbundsby i 89 fvt. I 49 fvt. var det staden der Julius Cæsar samla styrkane sine før han kryssa Rubicon. Seinare, etter slaget hans mot Marcus Antonius i 45 fvt. grunnla keisar Augustus ei militærhamn ved Classe. Denne hamna, som det først vart bygd murar rundt, var ein viktig stasjon for den romerske marinen. I dag er byen omgjeve av land, men Ravenna var ein viktig hamneby ved Adriahavet fram til tidleg i mellomalderen.

Mosaikk frå 500-talet i Ravenna som viser JEsus, kledd som ein gresk-romersk prest og konge.

Ravenna blømde under det romersek styret. Keisar Trajan bygde ein 70 km lang akvedukt på byrjinga av 100-talet. I 402 flytta keisar Honorius hovudstaden i Vestromarriket frå Milano til Ravenna. Flyttinga vart hovudsakleg utført fordi Ravenna var lettare å forsvare der han var omgjeve av myrområde, samstundes som dei hadde kortare veg til Austromarriket. I 409 drog kong Alarik I av vestgotarane rett forbi Ravenna og plyndra i staden Roma og tok Galla Placidia, dotter til keisar Theodosius I, som gissel. Etter mange utvekslingar returnerte Galla Placidia til Ravenna med sonen sin, keisar Valentinian III og nevøen Theodosius II. Ravenna opplevde ein periode med fred og byen fekk mange av dei mest kjende landmerka sine.

I 476 fall Vestromarriket og den austromerske keisaren Zeno sende den austgotiske kong Teoderik den store for å gjenerobre den italienske halvøya. Etter slaget ved Verona trekte Odoacer seg tilbake til Ravenna, der han stod imot ei tre år lang omleiring av Teoderik, før Rimini vart tatt og Ravenna ikkje lenger fekk forsyningar. Etter at Teoderik slakta Odoacer vart Ravenna hovudstad i Det austgotiske kongedømet Italia.

Mosaikk frå palasset til Teoderik.

Etter 493 tilsette Teoderik romerske arkitektar for å bygje religiøse bygg, inkludert det tapte palasset nær Sant'Apollinare Nuovo; «Palazzo di Teodorico» vart eit uthus. Teoderik og etterfølgjarena hans var ariarar som levde fredeleg side om side med latinarane. Teoderik døydde i 526 og vart etterfulgt av dottera Amalasunta, som vart myrda i 535.

Den austromerske keisaren Justinian I var fanatisk ortodoks og motsette seg det austgotiske styret og den arianske varianten av kristendomen. I 535 invaderte han Italia og i 540 vart Ravenna erobra. Ravenna vart sete for det austromerske styret i Italia (sjå òg Gotarkrigen (535–554)). Restauratio Imperii i Ravenna naut godt av den nærliggande hamna i Classe. Som hamna til Ravenna var han ei av dei viktigaste langs kysten av Adriahavet.

Eksarkatet Ravenna[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Eksarkatet Ravenna.

Etter erobringane til Belisarius for keisar Justinian I på 500-talet, vart Ravenna setet for den austromerske guvernøren i Italia, òg kjend som Eksarkatet Ravenna. Det var på denne tida at Ravenna Kosmografi vart skrive.

Mellomalderen og nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Langobardane under kong Liutprand okkuperte Ravenna i 712, men vart tvungen til å gje han tilbake til austromarane. I 751 klarte den langobardiske kongen Aistulf å erobre Ravenna og dermed enda det austromerske styret i Nord-Italia.

Kong Pipin den yngre av Frankrike gjekk til åtak på langobardane etter ordre frå pave Stefan II. Ravenna kom så under Kyrkjestaten i 784. Til gjengjeld gav pave Adrian I kong Karl den store løyve til å ta kva han ville frå Ravenna. Karl den store gjorde tre plyndringstokt til Ravenna og fjerna store mengder romerske søyler, mosaik, statuar og andre lekamar han kunne få med seg til hovudstaden sin i Aachen.

Piazza del Popolo i Ravenna.

Under pavestyret fekk erkebiskopen av Ravenna autokefalia frå den romerske kyrkja. På grunn av donasjonar frå dei ottonaske keisaren vart erkebiskopen i Ravewnna den rikaste i Italia etter pavedømet, og kunne dermed utfordre makta til paven ved visse høve.

I 1198 leia Ravenna eit forbund av byar i Romagna mot keisaren, og paven klarte å undertrykke dei. Etter krigen i 1218 klarte Traversari-familien å ta over styret av byen, som varte til 1240. Etter ein kort periode under ein keisarvikar kom Ravenna tilbake til Kyrkjestaten i 1248 og igjen tilbake til Traversari fram til 1275Da Polenta etablerte sitt langvarige styre. Ein av dei mest kjende borgarane i Ravenna på denne tida var diktaren Dante. Den siste frå Da Polenta-familien, Ostasio III, vart kasta ut av Republikken Venezia i 1440 og byen vart annektert av republikken.

Ravenna vart styrt av Venezia fram til 1509, då området vart invadert som følgje av dei italienske krigane. I 1512 under Den heilage liga-krigen vart Ravenna plyndra av franskmennene.

Etter at venetianarne trekte seg tilbake kom Ravenna igjen under pavane sine legatar som ein del av Kyrkjestaten. Byen vart øydelagd av ein veldig flaum i mai 1636. Dei neste tre hundre åra vart det bygd eit nettverk av kanalar for å leie om dei nærliggande elvane og drenere myrene, slik at faren for flaum vart mindre. I tillegg kunne ein opprette store område med jordbruksland rundt byen.

Bortsett frå ei kort okkupasjon frå Venezia (1527-1529) var Ravenna ein del av Kyrkjestaten fram til 1796 då han vart annektert til den franske vasallstaten Den cisalpinske republikken (republikken Italia frå 1802 og Kongedømet Italia frå 1805). Han kom derimot tilbake til Paven i 1814. Han vart okkupert av piemontesiske troppar i 1859 og Ravenna og landområda rundt Romagna vart så ein del av det samla Italia i 1861.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Åtte tidlege kristne monument frå Ravenna er ein del av verdsarvlista til UNESCO. Desse er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ravenna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]