Luktesalt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Luktesalt er kjemiske stoff med skarp lukt som blir brukt til å gjenvekka medvit gjennom luktesansen. Luktesalt kan ofte innehalda salt som hjortetakksalt eller ammoniumkarbonat. I England var «luktesalt» gjerne ei blanding av konsentrerert eddiksyre og kaliumsulfat.

Tidlegare blei luktesalt mykje brukt i samband med besviming. Folk kunne bera dei med seg i ei lita lukteflaske eller eske. I nyare tid er dei blitt brukt ein del av idrettsutøvarar som boksarar og vektløfarar for å spora dei til innsats.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McCrory, J (2006). «Smelling Salts». British Journal of Sport Medicine 40 (8): 659–660. doi:10.1136/bjsm.2006.029710. PMC 2579444. PMID 16864561.