Lulworth Cove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lulworth Cove, sommaren 2007

Lulworth Cove er ei vik nær landsbyen West Lulworth ved verdsarvstaden Jurassic Coast i Dorset sør i England. Vika er eit flott døme på landforma som på engelsk vert kalla cove og er ein turistattraksjon med meir enn éin million vitjande årleg. Han ligg nær steinbogen Durdle Door og andre stader ved Jurassic Coast.

Vika har fått den noverande forma si på grunn av fleire forskjellige lag med bergartar som går parallelt til kysten (ei konkordant kystlinje). På sjøsida har leire og sand vorte erodert bort, eit smalt band (mindre enn 30 meter) av kalkstein dannar kystlinja. Bakom denne ligg eit nytt lag med svakare kalkstein, og bak om her igjen meir leire og sand. Inst i vika ligg eit band med kritt. Munningen til vika er smal og vart danna av bølgjeerosjon og smeltevatn frå isbrear.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Lulworth Cove, sett frå vest

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 50°37′6″ N 2°14′49″ W