Jurassic Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 50°42′20″N 2°59′23.6″W

Gad Cliff til St Alban's Head

Jurassic Coast er ein verdsarvstad på kysten av Den engelske kanalen sør i England. Han strekkjer seg frå Orcombe Point nær Exmouth i Aust-Devon til Old Harry Rocks nær Swanage i Aust-Dorset, eit strekke på 153 km.[1] Kysten vart innskriven i 2001 og var den andre naturlege verdsarvstaden i Storbritannia. Ein kan gå langs heile kysten på South West Coast Path.[2]

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Plasseringa i Storbritannia
Jordras nær Lyme Regis
Kalkstein frå juratida på Isle of Portland er vunne ut.

Jurassic Coast består av klipper frå trias, juratida og krittida, frå mesozoikum, ein periode på om lag 180 millionar år.

Staden har mange flotte landformer, som den naturlege steinbogen Durdle Door, vika Lulworth Cove og ei øy, Isle of Portland. Chesil Beach er eit fint døme på ein tombolo og ei stormstrand. Kysten har både konkordante og diskonkordante kystlinjer. På grunn av den varierte geologien, har det vorte utført mange internasjonale feltstudiar her. Det var her Mary Anning, ein paleontolog som studerte fossil, oppdaga det første komplette fiskeøgle-fossilet.

Det høgaste punktet på Jurassic Coast og langs heile sørkysten av Storbritannia, er Golden Cap på 191 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under den andre verdskrigen vart fleire område langs Jurassic Coast nytta av det britiske forsvaret. Ein av dei største basane til Royal Navy låg ved Portland Harbour, men har sidan vorte lagt ned. Ein stor base for den britiske hæren ved Bovington er framleis i drift.

Delar av kysten, særleg rundt Portland, kan vere farleg og det ligg mange skipsvrak langs kysten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jurassic Coast

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dorset and East Devon Coast». UNESCO World Heritage Centre. 2001. http://whc.unesco.org/pg.cfm?cid=31&id_site=1029. Henta 26. desember 2009. 
  2. «The Official Guide to the SWCP». SWCP Team. 2004. http://www.southwestcoastpath.com/. Henta 26. desember 2009.