Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dorset
Flag of Dorset.svg
Motto: Who's afear'd
EnglandDorset.svg
Geografi
Status Seremonielt grevskap og ikkje-metropolitansk grevskap
Opphav Historisk
Region Sørvest-England
Areal 2 653 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

710 500
267,8 /km²
Etnisitet 98,1 % kvite
Distrikt
Dorset districts.png
  1. Weymouth and Portland
  2. West Dorset
  3. North Dorset
  4. Purbeck
  5. East Dorset
  6. Christchurch
  7. Bournemouth (einskapleg)
  8. Poole (einskapleg)

Dorset (tidlegare kalla Dorsetshire) er eit grevskap i Sørvest-England ved Den engelske kanalen. Administrasjonsbyen har vore Dorchester sidan minst 1305.[1] Dorset grensar til Devon i vest, Somerset i nordvest, Wiltshire i nordaust og Hampshire i aust. Det meste av grevskapet er landleg med låg folketettleik.

Dorset er kjend for Jurassic Coast som er ein verdsarvstad med landformer som Lulworth Cove, Isle of Portland, Chesil Beach og Durdle Door, samt feriestadane Bournemouth, Poole, Weymouth, Swanage og Lyme Regis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første kjende busetjarane i Dorset vart jegerar frå mellomsteinalderen for rundt 10 000 år sidan.[2] Busetnader på dei høge kalksteinsklippene i Dorset har vorte nytta i fleire tusen år, sidan dei har vore lette å forsvare. Det finst gravhaugar frå steinalderen og bronsealderen på nesten kvar einaste kalkås i grevskapet og mange åsfort frå jernalderen. Det meste kjende av desse er Maiden Castle, bygd rundt 600 fvt.[3]

Durdle Door i Dorset

Maiden Castle vart erobra av romarane frå keltarane i år 43 e.Kr. Det er funne mange spor av romarane i Dorset, særleg rundt romarbyen Dorchester.[4][5] I romartida flytta busetnadane frå åstoppane til dalane og åstoppane vart heilt forlatne på 300-talet. Ei stor forsvarsgrøft, Bokerley Dyke, forseinka saksarar i å ta Dorset frå nordaust i opp til 200 år.[6] Domesday Book skriv om saksiske busetnader som samsvarar med moderne byar og landsbyar, hovudsakleg i dalane.[7] Det har vore få endringar i sokna sidan Domesday Book. Dei neste hundre åra dyrka innbyggjarane markene og desse vart verande stort sett uendra fram til 1800-talet. Det vart oppretta mange kloster, som var viktige landeigarar og maktsenter.[8] Namnet vart første gong nedskrive i år 940 som Dorseteschire, og tyder innbyggjarane (saete) i 'Dornuuarana' (Dorchester)

Under borgarkrigen på 1100-talet vart det bygd mange forsvarsverk i Dorset.[9] Under den engelske borgarkrigen på 1600-talet vart det bygd fleire forsvarsverk av rojalistane, som Portland Castle, Sherborne Castle og Corfe Castle.[10]. I fredsåra gjekk monarkane og adelen på jakt i Dorset.[11]. Under den industrielle revolusjonen vart Dorset verande eit landleg område og jordbruket er framleis ei viktig næring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dorset

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Mayor Making Ceremony». Dorchester Town Council. http://www.dorchester-tc.gov.uk/About+Us/Civic+History/The+Mayoralty/The+Mayor+Making+Ceremony. 
  2. Cullingford (s. 13)
  3. Cullingford (s.16)
  4. Cullingford (s.18)
  5. «Vespasian (9 AD - 79 AD)». British Broadcasting Corporation. 2007. http://www.bbc.co.uk/history/historic_figures/vespasian.shtml. 
  6. Cullingford (s.26)
  7. Cullingford (s.41-43)
  8. Cullingford (s.46-47)
  9. Cullingford (s.43)
  10. Cullingford (p.68)
  11. Cullingford (s.86)