Luzaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luza
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 18 300 km²
Lengd 574 km
Middelvassføring 117 /s
Kjelde Kirov oblast
Munning Jug
Kart
Luzaelva
60°34′14″N 46°27′03″E / 60.57055556°N 46.45083333°E / 60.57055556; 46.45083333
Wikimedia Commons: Luza River

Luza (russisk Луза) er ei elv i Kirov oblast, Republikken Komi og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Jug frå høgre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.

Ho er 574 km lang og har eit nedslagfelt på 18 300 km². 99 km frå munningen har elva ei middelvassføring på 117 m³/s. Ho frys til i slutten av oktober eller november og vert isfri att i april eller tidleg i mai.

Dei største sideelvane hennar er Ula, Korzja, Sjeljug frå venstre, og Vaziug, Tylaj, Soksia, Sedka, Lopju, Tulom, Deb, Porub, Lekhta og Lala frå høgre.

Ved elva ligg byane Luza og Lalsk.

Elva spring ut i Kirov oblast nær grensa til Republikken Komi, i nærleiken av landsbyen Oparino. Ho renn først mot nord, før ho svingar vestover. Elva er svingete og nokså stri, og det er bygd to vasskraftverk på elva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]