Lysrøyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysrør er gassfylte røyr der elektrisitet ioniserer gassen og gjer han sjølvlysande, det vil seie skapar lys gjennom fluoresens, ei form for luminescens.
Den tyske lyspæreprodusenten Osrams modell OSRAM DULUX D frå 2004, eit 18 watts kompaktlysrøyr.
Spekteret til ein 11 W sparepære (nedst) samanlikna med det kontinuerlege spekteret til ein tilsvarande 60 W glødepære. Dei mørke banda viser kva for frekvensar sparepæra manglar og illustrerer kvifor fargar kan sjå feil ut i dette lyset.

Lysrøyr, tidlegare òg kalla lysstoffrøyr, eller fluorescenslampe er ulike typar gassfylte glasrøyr som blir brukt som lyskjelder i lampar og annan belysning.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Ved hjelp av ein tennspenning ioniserast gassen i røyret slik at han blir elektrisk leiande. Spenninga blir deretter redusert, og straumen gjennom gassen eksiterar kvikksølvdampen, argon- eller neongassen. Dette skapar plasma som produserer kortbølgja ultrafiolett lys. Det ultrafiolette lyset får lysstoffet (fosfatar) på innsida av glasrøyret til å fluorescere, noko som produserer synleg lys.

Kompaktlysrøyr og sparepærer[endre | endre wikiteksten]

Korte lysrøyr kallast kompaktlysrøyr.

Kompaktlysrøyr utstyrt med lyspæresokkel som på vanlege glødelampar har ein innbygd omformar i sokkelen, og blir ofte kalla sparepærer. Desse kan brukast i ordinære armatur berekna for glødelampar, og brukar berre rundt 20% av energien for same lysutbytte, og varer lenger.

Lysrøyr har ei levetid på ca. 16 000-24 000 timar.[1] Det finst lysrøyr på marknaden som har levetid opptil 84 000 timar, desse blir kalla Long Life-lysrøyr. Levetida avheng av brenntid, og dessutan mengder innkoplingar. Lysstyrken blir redusert gjennom heile levetida.

Innlevering av kasserte sparepærer og lysrøyr[endre | endre wikiteksten]

I Noreg kan ein, av miljømessige omsyn, levere inn kasserte sparepærer og lysrøyr gratis til butikkar som sel slike varer, utan krav om nykjøp eller at produktet vert kjøpt hos denne forhandlaren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hus og heim: Lyskilder, arkivert frå originalen 2. mars 2008, henta 7. november 2013 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lysrøyr