Ultrafiolett stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Polarlys over Jupiter sin nordpol fotografert i ultrafiolett. Biletet er teke av romteleskopet Hubble.

Ultrafiolett stråling eller UV-stråling er elektromagnetisk stråling som har bølgjelengder kortare enn synleg lys, men lengre enn røntgenstråling. Bølgjelengdene ligg i intervallet 10–400 nm, og frekvensane er mellom 3×1016-7,5×1014 Hz.

Ultrafiolett stråling vert stoppa av vanleg glas, men trengjer gjennom kvartsglas, plast og vatn. Ultrafiolett stråling kan verka desinfiserande, men òg leia til mutasjonar.

Ozonlaget absorberer ein større del av den ultrafiolette strålinga som kjem frå sola. Av den grunn lyter ein òg opp frå jordoverflata for å kunna observera himmelen i ultrafiolett stråling.