Målekolbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volum vert lese av i volumetrisk utstyr etter kor menisken er

Ein målekolbe er ein avrunda kolbe med lang hals, brukt i laboratorium for å måla volum av væsker nøyaktig. Målekolbar finst i storleikar frå 10 ml til 10 l. Eit merke på halsen viser kor væska skal stå når volumet er rett.

Ofte vert dei brukt for å laga løysningar med kjende volum og konsentrasjonar. Ei kjend mengd av eit stoff vert da løyst i litt av løysemiddelet, ofte vatn, før væske vert fylt i til merke. Kolben, med kork, må så snus nokre gonger for at alt skal blandast.