Målteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Målteori er eit matematisk fagfelt som tar utgangspunkt i enkle eigenskapar knytte til omgrep som lengd, areal og volum.

Dei mest grunnleggande av desse eigenskapane kan ein illustrere ved at ein til dømes kan finne volumet av ein lekam ved å addere voluma til enklare delar som lekamen er sett saman av. I målteorien er denne eigenskapen postulert som eit aksiom, og på grunnlag av dette vert den generelle målteorien utvikla innanfor rammene til mengdelæra.

Målteori dannar grunnlaget for ein integrasjonsteori som først vart utvikla av franskmannen Henri Léon Lebesgue. Eit av dei viktigaste bruksområda til målteorien er innan sannsynsrekning, sidan det dannar utgangspunktet for den moderne sannsynsteorien, slik denne vart utvikla av den sovjetiske matematikaren Andrej Kolmogorov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]