Ménalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ménalo
Μαίναλο
Høgd over havet 1 986 moh
Ligg i/på Arkadía i Hellas
Koordinatar 37°39′50″N 22°13′00″EKoordinatar: 37°39′50″N 22°13′00″E

Ménalo (gresk Μαίναλο) eller Mainalo er ei fjellkjede i Arkadía i Hellas. Eldre namn på fjellet er Mainalon, Mainalos, Menalon, Menalos, og meir sjeldan Menalus eller Mainalos, på latin Maenalos og Maenalus, og meir sjeldan Maenalon. Ho strekkjer seg 15-20 km frå Trípoli til Vytína og er 5-10 km brei frå Zygovísti til Kápsas.

I mellomalderen og fram til seint på 1900-talet vart fjellet kalla Apáno Khrépa. Det ligg óg ein landsby på fjellet som har sitt opphav i antikken. I tillegg ligg det eit skisenter her, 20 km nordvest for Trípoli. Det høgaste punktet på fjellet heiter Profítis Ilías og er 1 986 moh, som gjer Ménalo til det høgaste fjellet i Arkadía.

Nærliggande stader[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]