Arkadía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Periferieininga Arkadía
Περιφερειακή ενότητα Αρκαδίας
Plasseringa til {{{name}}} i Hellas
Periferi Peloponnes
Hovudstad Trípoli
Folketal 86 685 (2011) Rangering 38.
Areal 4 419 km²
Folketettleik 20/km²
Kommunar 5
Postnummer 22x xx
Retningsnummer 275x0, 279x0, 2710
Bilnummer TP
Heimeside www.arcadia.gr

Periferieininga Arkadía (gresk Περιφερειακή ενότητα Αρκαδίας, Periferiakí enótita Arkadías) er ei periferieining i Hellas i periferien Peloponnes. Hovudstaden i periferieininga er Trípoli. Arkadía har fått namnet sitt frå den mytologiske kongen Arkas.

Arkadía er det største prefekturet på halvøya Peloponnes. Det dekkjer om lag 18 % av heile halvøya, men var ein gong større. Arkadía grensar til Lakonía i sør, Messinía i sørvest, Ilía i vest, Akhaía i nord, Korinthía i nordaust og Argolída i aust. I tillegg har Arkadía kystlinje mot Egearhavet i søraust.

Ein finn skisenter på fjellet Ménalo, om lag 20 km nordvest for Trípoli. Andre fjell er Párnonas i søraust, Artemísio, Olíjyrtos, Lýkeo og Trakhý.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare var Arkadía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.

Periferieining Kommune Tidlegare
kommune
Postnummer
Arkadía Gortynía Dimitsána 220 07
Vytína 220 10
Iréa 220 28
Klítoras 220 28
Kontovázena 220 15
Lagádia 220 03
Trikóloni 220 24
Trópea 220 08
Megalópoli Megalópoli 222 00
Górtyna 220 22
Falesía 220 21
Trípoli Trípoli 221 00
Valtétsi 220 27
Korýthio 221 00
Levídi 220 02
Mandínia 220 05
Skirítida 220 16
Tegéa 220 12
Fálanthos 221 00
Nord-Kynouría Nord-Kynouría 220 01
Sør-Kynouría Leonídio 223 00
Kosmás 230 58
Tyrós 220 29

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i prefekturet består av varme somrar og milde vintrar i aust, sør og lågtliggande område sentralt. Området får hovudsakleg regn om hausten og om vinteren. Snø er vanleg i fjellområda, særleg i vest og i nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Les Bergers d’Arcadie av Nicolas Poussin.

På grunn av det kuperte terrenget og alle fjella har Arkadía alltid vore ein klassisk tilfluktsad. Under den doriske invasjonen, då mykenske grekarar vart erstatta av doriske grekarar langs kysten av Peloponnes, overlevde dei i Arkadía og utvikla den arkadokypriotiske dialekten i antikken.

Ein av mogelege fødestadar for Zevs er fjellet Lycaeum i Arkadía. Lyakon, ein kannibalistisk pelasgisk konge, vart omvandla til ein varulv av Zevs. Fjellet skal óg ha vore fødestaden til Zevs sin son, Hermes.

Arkadía vart ein del av Romarriket og seinare Austromarriket. Tidleg på 1000-talet vart det ein del av Frankarriket. På midten av 1400-talet vart området erobra av Det osmanske riket. I denne perioden vart det grunnlagd mange byar og landsbyar.

Etter 400 år med osmansk okkupasjon vart Arkadía midtpunktet i den greske sjølvstendekrigen. Etter siger i krigen vart Arkadía ein del av den nye greske staten. Arkadía fekk så økonomisk vekst, men noko emigrasjon. Emigrasjonen auka kraftig på 1900-talet og mange drog til Amerika. Mange arkadiske landsbyar mista halvparten av innbyggjarane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 37°35′N 22°15′E