Mérida i Spania
| Mérida | |||||
|---|---|---|---|---|---|
|
|||||
| Plassering | |||||
|
|
|||||
| Styresmakter | |||||
| Land | |||||
| Autonom region | Extremadura | ||||
| Provins | Badajoz | ||||
| Grunnlagd | 25 fvt. | ||||
| Borgarmeister | José Ángel Calle Gragera | ||||
| Geografi | |||||
| Flatevidd - By |
865,6 km² |
||||
| Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
55 568 64,2 /km² |
||||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||||
| Høgd over havet | 217 moh | ||||
| Diverse annan informasjon | |||||
| Postnummer | 06800 | ||||
| Nettstad: www.merida.es | |||||
Mérida er hovudstaden i den autonome regionen Extremadura i Spania. Han har kring 55 000 innbyggjarar.
Historie [endre]
Byen vart grunnlagd i år 25 fvt. som Emerita Augusta, etter soldatane til keisar Augustus som grunnla byen. Namnet Mérida kjem av dette namnet. Byen vart grunnlagd for å verne ein fjellovergang og ei bru over elva Guadiana. Byen vart hovudstad i den romerske provinsen Lusitania og ein av dei viktigaste byane i Romarriket. Mérida har bevart fleire viktige romerske monument enn nokon annan by i Spania (mellom anna ein triumfboge frå tida under Trajan). På grunn av dette er den arkeologiske samlinga i Mérida innskriven på verdsarvlista til UNESCO.
Under vestgotarane var han framleis ein praktfull by, særleg under biskopane som styrte her på 500-talet, då han var hovudstad i Hispania. Biskop Paulus førte bispedømet til stor rikdom og det vart det rikaste i heile Spania. Biskop Fidelis gjenoppbygde domkyrkja og under biskop Masona vart han den første byen i Spania ein veit om med sjukehus.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad
- Romersk kunstmuseum
- Bilete frå den romerske Merida
- Bilete av Merida: Romerske monument og andre attraksjonar
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Mérida, Spain» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2009.