Møn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Møn
Møns Klint
Møns Klint
Geografi
DK - Mon.PNG
Stad Austersjøen, sør for Sjælland
Koordinatar 54°59′N 12°21′E
Areal 237,47 km²
Høgaste punkt Aborrebjerg (143 moh.)
Administrasjon
Land Danmark
Kommune Vordingborg kommune
Demografi
Folketal 11 700 (2006)
Folketettleik 49 /km²

Møn er ei øy like sør for Sjælland i Danmark. Øya har eit areal på 237,47 km² med eit folketal på 11 700 (2006).

Mellom Sjælland og Møn ligg Ulvsund, og mellom Møn og Falster i vest ligg Grønsund. Møn er kjend som ein naturskjønn stad med fine badestrender, kyrkjer med kalkmaleri (Elmelundemesteren) og Møns Klint. Den største byen på Møn er Stege, og her finn eit av dei best bevarte festningsanlegga i Norden. Mølleporten i Stege frå slutten av 1400-talet er ein bevart byport frå mellomalderen. Bak voldanlegget kan ein sjå eit autentisk kjøpmannsmiljø.

Møn er forbunde med Sjælland via Dronning Alexandrines Bro. Nord for Møn ligg den litle øya Nyord, og mellom Møn og Sjælland i Stege Bugt ligg òg øya Lindholm, der Statens Veterinære Institut for Virusforskning er plassert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den Eldre Edda vert det snakka om ein stad, som ein meiner kan vere Møn. Etter segna herska to vetter på Møn. Den eine, Jøjin Opsal, budde på Høge Møn, og den andre, Grøn, på Vestmøn, der Grønsund er kalla opp etter han.

I mellomalderen var Møn økonomisk viktig på grunn av sildefisket i Øresund og fordi ho låg nær markedet i Skåne. Både Stege og Borre var kjøpstader og viktig byar. Steges borg, Stegeborg eller Stegehus var ein av dei viktigaste festningane i landet.

Etter at Møn vart plyndra av vendarane, vart øya under Valdemar den Store utgangspunkt for tokt til Venden. I 1252 erobra tyskaren Henrik av Æmelthorp Møn, og i 1289 vart øya åtaka av fredlause og nordmenn. Under Lübeck sin krig mot kong Hans vart Borre øydelagd, medan Stege under Anders Bille slo åtaket tilbake. Under Grevefeiden slutta mønbuarane seg til opprørarane, og innbyggjarane i Stege erobra Stegehus og øydela det.

I svenskekrigen 1658—60 forsvarte Møn seg lenge, først under Just Ebel og seinare under Hans Schrøder (seinare adla som Løwenhielm). Til slutt gjekk svenskane i land frå Bogø og slo forsvararane ved Lille Damme. Møn vart plyndra og reiste seg berre langsomt etter dette tapet.

I 1664 vart Møn pantsett til den nederlandske kjøpmannen Gabriel Marselis, og etter han døydde i 1672 overtok sonen Vilhelm (adla under namnet Gyldencrone) øya. I 1684 vart pantet innløyst.

I 1685 vart hestegarden lagt til Møn, og leiaren for garden, Samuel Christoph von Plessen, vart òg amtmann på øya. Dette gjorde at det gjekk enno meir nedover for Møn. Jord vart konfiskert frå bøndene, slik at det kunne dyrkast gras, i tillegg til at bøndene var plyndra. Då øya var heilt utpint, måtte garde i 1697 flytte. Plessen måtte opp i retten, vart dømd, og døydde i fengsel i 1704.

I 1696 vart stavnsbandet oppheva på Møn med det vilkåret at bønder som hadde meir enn ein son, skulle la ein son utdanne seg innan sjømannskap. Derfor vart det oppretta navigasjonsskule i Stege i 1701, men i 1727 vart denne flytta til København.

I 1769 vart det mønske krongodset delt opp i fem hovudgardar og lagt ut for sal. Bøndene prøvde sjølv å kjøpe dei, noko som berre delvis lukkast, sidan omkring halvparten av bøndene vart festebønder ved dei fem nye godsa: Marienborg, Nordfelt, Klintholm, Liselund og Ålebækgård.

På byrjinga av 1900-talet budde det om lag 14 000 menneske på øya, men i løpet av dei siste hundre åra fall folketal, som på så mange andre øyar. Folketalet har derimot halde seg konstant sidan 1970-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]